Lisbeth Skølt
Daglig leder
Som dagleg leiar er mi viktigaste arbeidsoppgåve å legge til rette for at alle tilsette på VINN har gode arbeidsforhold, – slik at dei trivst i lag og får utført jobben sin på beste måte. Me ynskjer å ha eit godt miljø med rom for innovasjon og utvikling av det faglege tilbodet, og for dei varer og tenester som me tilbyr. Elles er det oppgåver rundt økonomistyring, langsiktige planer og strategiar. Markedsarbeid og samarbeid med styret og eigarane våre (alle kommunene i Hallingdal) er og viktige oppgåver.
Som 18 åring starta e som sjølstendig næringsdrivende. Er oppvaksen i Hemsedal Skiskole og dreiv den i 10 år, i tillegg til 2 andre bedrifter. Så var e innkjøper i sportsbransjen, det innebar mykje logistikk og ein del artig reising utanlands. Siste 12 åra har e vøre leiar, fyrst for Husfliden Hallingdal og no for VINN. Den rolla gir gode utfordringar. Har formell utdanning innan marked & salg, administrasjon og ledelse.
E trives veldig godt på VINN – der ingen dag er lik. E har mange og varierte oppgåver og får på den måten brukt alle sider av meg sjøl, og det er stadig nye ting å lære. VINN har eit viktig samfunnsoppdrag – som motiverer meg. Personalgruppe har veldig ulik bakgrunn og ulike oppgåver i arbeidsdagen – likevel har alle eitt felles mål: Å FÅ FOLK I ARBEID! E er stolt og har stor respekt for arbeidet som blir gjort av alle på VINN – og som i samarbeid med NAV og gode arbeidsgjevarar – bidreg til at mange får ein bedre kvardag og auka livskvalitet. Tilsette på VINN er framoverlente og ynskjer å utvikle seg, – og gjennom godt lagarbeid får me til mykje. Som liten bedrift kan me snu oss raskt, og det gjer arbeidsdagen spennande.
På fritida er e mykje ute – gjerne på ski, sykkel eller i kajakk. Ein favoritt er laussnø-køyring i skogen. God mat og sosiale lag er viktig for meg. Glad i å danse, men det blir alt for sjeldan. Ellers brukar e gjerne tid sammen med familien, og det er veldig stas å vera gommo.