Gunn Marit Oleivsgard
Fagleder
Eg har ansvar for kvalitet og resultat i alle tiltak. VINN har totalt fem tiltak, og eg skal sikre at me heldt den faglege kvaliteten, og leverar eit godt tilbod til alle som vert søkt inn til VINN. Eg rettleiar og adminstrerar dei som arbeider direkte med arbeidssøkjarar og arbeidstakarar.
Eg er utdanna barnehagelærar, arbeidde som styrar i 15 år, før eg oppretta og dreiv Ål frivilligsentral i 10 år. T tillegg til barnehagelærarutdanninga, har eg mellom anna grunnfag i sosialpedagogikk, menneskerettar, fleirkulturell forståelse og konflikthåndtering, og vidareutdanning i rettleiing, utviklingsarbeid, coaching og leiing.
Det mest spennande med å jobbe på VINN er at me arbeider med menneske. Det er og ein veldig variert jobb, der me samarbeider med mange ulike instanser og samarbeidspartnere. Eg vert stolt av dei dyktige jobbrettleiararne, tilretteleggjarane og arbeidsleiarane som alltid gjer sitt beste, og ynskjer å bidra til betre livskvalitet for alle arbeidssøkjarar og arbeidstakarar. Dei har eit stort engsjement og hjarte for alle me får jobbe med på VINN.
Eg er ein ihuga reise-entusiast. Elskar å reise til nye stader, og nye kulturar. Når eg ikkje reiser, så er eg veldig glad i hagearbeid på sommaren. Gjerne med lydbok eller podcast på øyra. På vinteren vert eg ein «huleboer» . Då sit eg inne framfor peisen og les, strikka eller scrappar.