Randi Neset
Arbeidsleiar og tilretteleggar i VTA
Eg er arbeidsleiar for folk som av ulike grunnar treng tilrettelagt arbeid. Eg held til på Vinn i Hol, der me lagar ulike produkt i tre. Jobben min er mellom anna å gje opplæring i ulike arbeidsoppgåver, og å legge til rette for at arbeidsdagen blir god for dei som jobbar her. Eg prøvar å få til gode løysingar på maskiner og arbeidsstasjonar, som gjer at arbeidstakarane kan jobbe mest mogeleg sjølvstendig. Eg har òg ansvar for planarbeid og rapportering, og at me får produsert det me skal til kundane våre.
Eg er utdanna allmennlærar. Har hatt nokre småjobbar innan turistnæringa, og vore innom barnehage, skule og miljøterapi. Eg har jobba på Vinn sidan hausten 2016.
Eg har ein variert og allsidig kvardag, og likar godt både den praktiske og den menneskelege delen av jobben min. Det er moro å kunne levere fine produkt av god kvalitet, med fornøgde kundar i den andre enden. Det er òg gjevande å kunne bidra til at folk trivst, opplever meistring, når nye mål og får auka sjølvtillit.
Med mann, to ungar og mange gamle hus heime, går dagane fort. Eg har vakse opp med jakt, og prøvar å få til nokre turar «heim» til Møsstrond i Vinje på reins- og elgjakt i løpet av hausten. Eg er interessert i sport, men det har dessverre vorte mest på fjernsyn dei siste åra. Familien min har ein plass ved sjøen i Kristiansand, og der trivst eg godt om sommaren.